REKRUTTERING
Nordfjord alumni – Følge ungdommen
Igjennom gode verktøy og personleg kontakt skal vi følgje opp ungdommar som reiser ut av Nordfjord for utdanning på høgskule, universitet og fagskule. Gjennom utdanningsløpet deira skal vi halde dei oppdaterte om moglegheiter på heimplassen og i regionen elles. Vi skal gjere rekrutteringsarbeidet til bedriftene enklare ved å byggje opp eit nettverk som gir oversikt over kven som utdannar seg til kva frå regionen vår. Vi vil óg sørgje for at bedriftene skal samarbeide tettare om rekruttering, slikt at ein kan sikre jobb til både arbeidsgivar og arbeidstakar.