Studentstova
Treng du ein fredelig, trygg og god plass for å sitte med studiene?
Og er du:
- Fulltids eller deltidsstudent?
- På besøk i Nordfjord eller bur her?
- I gong med etterutdanning eller vidareutdanning?
- Elev ved ein av skulane i Nordfjord?
Då er du hjarteleg velkommen innom Studentstova!
Om studentstovene
Studentstovene er eit attraktivt tilbod frå kommunane for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk eller som er heime i kortare/lengre periodar.
Det å etablere møteplassar for studentar og legge til rette for å skape eit studentmiljø (uavhengig av kor lite det er) er viktig ikkje berre for dei som sitt på Studentstovene, men også for å løfte bevisstheten til alle som bur i regionen at det kan vere både spennande og interessant å ta utdanning uavhengig av bustad, alder og livssituasjon. Etter første booking skal du motta informasjon om Studentstova, dersom du ikkje har fått dette, ber vi deg sjekke søppelpost og/eller ta kontakt med:
- Kari: 95 28 75 75
- Anders: 97 53 05 35
- Øystein: 41 69 55 59
Per i dag finn du ei studentstove i Stryn, på Nordfjordeid, på Iglandsvik i Bremanger og på Sandane.
Få full oversikt over studenstovene i Nordfjord og book deg ein plass her!
Målet er å tilby ein plass som kan motivere og gjere det lettare å kunne studere medan ein bur i distrikta. Samt vil vi skape inspirerande lokaler der ein har ein muligheit å sitte tett på det lokale næringslivet, slik at om ein skulle lure på noko, har eit spørsmål eller treng informasjon – så finn du eit hjelpsamt ansikt rundt hjørnet.
I Studentstova har vi:
- Tilgang til gratis Wifi
- Gode stolar og skrivebord
- Dataskjermer (HDMI tilkobling)
- Det er lov å forsyne seg med kaffi i kantina eller på kjøkkenet
- Tilgang til printer
- Gode sakkosekkar til å slappe av i
Lokala er opne måndag – fredag frå kl 08:00 til kl 16:00. Ønskjer du å benytte lokala etter kl 16.00 treng du ei brikke for å komme deg inn i bygget, då må du ta kontakt med oss her: