U40, Ungt Nettverk og andre møteplassar for unge vaksne!
Nordfjord har mange bedrifter i vekst, og med mange unge tilsette som bur her!
Dei har det fint på jobb, og arbeidsplassane i regionen vår strekker seg langt for å ta vare på dei tilsette. Men mange opplever at det er vanskeleg å bli kjende med andre utanfor arbeid. Dette gjeld da ikkje berre tilflyttarar, men også tilbakeflyttarar, som kanskje har vore borte lenge og som må bli kjende med både bygda si, og folket, på nytt.
U40 og Ungt Nettverk er ei form for nettverksbygging som er gjort mange ganger før på mange andre stader. Med andre ord veit vi at det har noko føre seg. Slike nettverk har som mål å kople saman menneskje i denne aldersgruppa, ein dannar nye relasjonar som kan vere nyttige i arbeidssamanheng – men også for å knytte sosiale relasjonar, lære av kvarandre, skape diskusjonar, og auke bulyst og trivsel.
Vi håpar at fleire tilflyttarar og tilbakeflyttarar vil bli verande i regionen vår, og tenker at sjansen er større for at dei blir verande her om dei har fått eit nettverk også utanfor arbeidsplassen.