Kveen Styrkar Teamet Etter Solid Ordreinngang!
På veg mot nye høgder! 🚀 Kveen AS har dei siste åra levert stabilt med ei omsetning på over 100 millionar kroner, og no tek dei steg for å bli endå sterkare. Målet er å vere skikkeleg konkurransedyktige og halde fram den positive utviklinga. Som ein del av denne strategien er dei klare til å styrke både det administrative og operative laget!
Dei ser etter dyktige folk til følgjande stillingar knytta til entreprenøravdelinga:
- Administrasjons- og Økonomiansvarleg / Controller
- Prosjektkoordinator
- Anleggsleiar
- Maskinførar med erfaring
- Lastebilsjåfør – lærling
Kveen As har no sju kontraktar med Vestland Fylkeskommune og utfører oppdrag for anerkjente selskap som PEAB, Drage Bygg, Statens Vegvesen, MESTA, samt kommunane Sogndal, Gloppen og Stryn. Oppdraga spenn frå kommunaltekniske prosjekt og offentleg vegbygging til utvikling av private anlegg.
Per no tel teamet heile 32 dedikerte tilsette, og dei planlegg å vekse til rundt 38 tilsette i løpet av året.
Vi er glade for den positive starten på året og ser fram til auka aktivitet. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med oss.» seier dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen.
Kveen AS held fram med å levere kvalitetstenestar innan entreprenørbransjen og tek no steg for å møte den aukande etterspurnaden og utfordringane i marknaden.
Oversikt over stillingane finn du her! For å søkje send ein e-post til jon@kveen.as med CV og søknad. For spørsmål ang. stillingane kan du ringe Jon på mobil: +47 414 06 567 eller sentralbord: +47 57 87 20 00.
***
Dersom desse stilingane ikkje var for deg men du ønskjer å flytte til Nordfjord og lurer på jobb-moglegheiter kan du melde deg inn i Nordfjord Alumni. Då vert du kontakta av ein av oss i Nordfjordakademiet for ein uformell prat!
Nordfjord Alumni – Nordfjordakademiet