Møt Børge Kvinge!
Børge er ein mann med mykje spennande erfaringer, både som grunder, leiar og innan næringsutvikling!
Han er født i Tromsø, voks opp på Sandnes og budd dei siste 30 åra i Oslo. Han har ikkje mindre enn 500 fallskjermhopp og har vært en del av luftsportsmiljøet på Voss. Han elskar også toppturar, bratte fjell og skikøyring.
Børge har med seg dama, Linda Løvoll, og to barn (Frida 8 år og Stella 2 år) som ønsker å flytte til Nordfjord!
Linda er oppvaksen på Eidså i Vanylven kommune, men har vært busett i Australia og New Zealand i 13 år.
De siste 4 årene har familien budd i Oslo, men no søker dei seg over fjellet til Nordfjord.
Vi har tatt ein prat med Børge og stilt han nokre spørsmål.
Kvifor vil du til Nordfjord?
Vi ønsker eit tryggare og rolegare miljø for våre barn og vokse opp i, samtidig ein nærheit til familie og naturen. For å kunne realisere drøymen må vi finne meiningsfullt arbeid. Først for far deretter mor.
Kva jobb ønskjer du å få?
Eg har hatt leiarjobbar i store internasjonale selskap, men har også vært grunder. Eg har bakgrunn frå sport-, reiseliv- og cruise bransjen i selskap som Hurtigruten, Puma og Nike. Eg ønsker meg ein jobb der eg kan bruke min erfaring til å hjelpe selskap med vekst, nærings- og organisasjonsutvikling. Eg har stort engasjement og en aktiv livsstil.
Korleis kom du i kontakt med Nordfjordakademiet?
Eg starta i sommar med å prøve å bygge opp eit lite lokalt nettverk, og fekk tidleg anbefaling om å ta kontakt med Nordfjordakademiet. Og eg har blitt møtt med opne armer og hjelp til å bygge lokalt nettverk og kontaktar hos aktuelle bedrifter. Til stor hjelp for en innflyttar!